Invitasjon til årsmøte for Os Senioruniversitet Måndag 10. februar 2025, ca. kl. 12.15-13.00
- kleppekarljohan
- 25. jan.
- 5 min lesing
Saker til årsmøtet:
Godkjenning av møteinnkalling, val av møteleiar, referent og 2 medlemmer for signering av referatet
Styret si årsmelding for 2024
Rekneskap med godkjenning frå revisor
Budsjettframlegg
Fastsetje pris for billettar og semesterkort
Val. Alle medlemmer med semesterkort har stemmerett
Avslutning
Styret i Os Senioruniversitet, januar 2025
Styret si årsmelding for 2024.
Måndag 8. februar 2024 vart det halde årsmøte i Os Senioruniversitet. 33 medlemmer som var innehavar av semesterkort deltok.
Styret har i arbeidsåret hatt desse medlemmene:
Margrethe Håvarstein (leiar), Per Arne Rød (nestleiar), Ole Lars Strønen (kasserar), Asbjørn Eikrem, Mette Eliassen, Karl Johan Kleppe og Liv Lyssand.
Valnemd: Terje Sørensen, Aasne Lyssand og Rune Høgheim
Revisor: Terje Sørensen
Formål og intensjon for arbeidet vert følgt opp.
Os Senioruniversitet er ein organisasjon som er open for alle - unge og eldre. Formålet er å formidla kunnskap om emne som medlemmene ønskjer å læra meir om i eit sosialt og utviklande fellesskap. Styret ønskjer å gje eit tilbod til dei som er vitelystne, har ønskje om å læra meir og ha gode og interessante opplevingar. Vi legg vekt på forelesingar av høg fagleg kvalitet og ønskjer blant anna å kasta lys over ulike sider av seniorpolitikk, helsespørsmål, samfunnsutvikling, historie og kultur. Det er lagt vekt på breidde og variasjon i programma, og vi prøver å ha eit lokalt tema i kvart semester.
Møter og aktivitet
Styret har hatt 12 styremøte og handsama saker gjennom godt samarbeid og god fordeling av arbeidsoppgåver. Det har også vore gode prosessar i arbeidet med val av tema og foredragshaldarar.
Vi har gjennomført oppsett program med 5 møter i kvart semester. I tillegg vart det skipa til tur for påmeldte deltakarar til Telavåg/Glesvær i juni (47 deltakarar) og julelunsj etter møtet vårt i desember (32 deltakarar). Styret har oppsummeringsmøte etter foredraga. Forutan eige program, har alle møta vore annonsert og omtala i Os & Fusaposten, i
Oseanaprogrammet og i «Friskus»
Styret har etter evaluering i møte 07.01.25 konkludert med at vi var jamt over nøgde med foredraga i 2024. Vi har hatt eit variert program fordelt på ulike område. Vi har hatt 3 kvinnelege foredragshaldarar. Mange positive tilbakemeldingar vitnar om at programma har vore av interesse. I vårhalvåret hadde vi eit gjennomsnitt på 135 deltakarar pr. møte medan haustsemesteret syner 207 deltakarar pr. møte. Frammøte 2024 har variert frå 65 til 415 deltakarar. Samanlikna med 2023, hadde vi om lag same gjennomsnittet i vårsemesteret men med deltakartal på pluss 70 for hausten. Flest deltakarar hadde vi i møte med temaet «Beatles, Stones og damene» ved Bård Ose. (415)
Samarbeid med andre
Bjørnafjorden kommune:
Kommunen/kommunetorget hjelper oss med kopiering når det trengs. Leiar har og hatt god hjelp frå Kulturetaten med informasjon via «Friskus» Leiar deltok i årsmøte i Folkeakademiet 19. februar 2024
Andre senioruniversitet :
Alle senioruniversiteta i vårt område samarbeider på ulike felt. Det vert skipa til fellesmøte for alle 17 laga frå Hordaland kvart andre år. Her utvekslar dei ulike styra erfaringar, aktivitetar, diskuterer t.d. honorar for forelesarar mm. Vi har også hatt ei ordning med felles heimeside. Denne er nå ute av drift og dei ulike laga er ansvarleg for å finne eigne løysingar med eiga heimeside i plattforma www.senioruniversitetet Karl Johan Kleppe frå Os Senioruniversitet arbeider med mål om å få sida opp og gå frå medio februar 2025.
Senioruniversiteta har og avtale med Harmonien. Det har blitt ein tradisjon at Bergen Filharmoniske Orkester inviterer til foredrag, lunsj og konsert. I 2024 var det 12 påmelde frå
Frivillig arbeid/støtte
Vi rettar stor takk til vår faste referent Lill-Karin Wallem - og til Asbjørn Eikrem som har vore reserve gjennom året. Referata vert publisert i Os & Fusaposten og på nettsida https://senioruniversitetet.no
Vi takkar og våre tolv sponsorar frå næringslivet i Os: SparebankenVest, I. Bjørø, Jamax, Jernia, Osøyro bakeri, Vitusapotek, Madam Ane, Os blomster service, Instinct, Fargerike Gullsmed Eide og Glad-dansen. Dei har sponsa oss både haust og vår og såleis dekka kostnadane ved trykking av programmet.
Loops AS gjev god og profesjonell hjelp ved oppsett og trykking.
Avtale med Oseana
Leigeavtalen med Oseana kunst-og kultursenter vart gjort gjeldande frå hausten 2023 og førebels ut 2024. Vi har ei fast leige på kr 5000 og betaler kr 50 pr. deltakar når vi overstig 100 deltakarar. Vi har eit godt og positivt samarbeid og er glade for å kunne tilby både foredragshaldarar og tilhøyrarar flotte lokale og gode tekniske tilhøve i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter.
Økonomi
Økonomien i Os Senioruniversitet er tilfredsstillande og gjev oss handlingsrom. Vi har i år styrt mot eit budsjett i balanse, med rom for å knytte til oss nokre kjende namn/ foredragshaldarar.. Finansieringa er basert på sal av semesterkort og einskildbillettar til møta våre, tilskot frå Folkeakademiet, sponsorinntekter og Grasrotandel. Vi ser at sal av einskildbillettar aukar når tal på semesterkort går ned, spesielt i vårsemesteret. Våren -24 var talet for semesterkort 67, medan det i haustsemesteret vart selt 91 stk.
Ved innkjøp av PC hausten -23 har vi oppnådd intensjonen om å få til eit ryddig og praktisk arbeid som gjer det enkelt å samordne arbeidet. Maskinen vert pr i dag disponert av kasserar. Intensjonen er at heile styret skal kunne nytte seg av maskinen ved behov. På denne måten ønskjer vi å sikre Os Senioruniversitet sin historie, oppretthalde kontinuitet i arbeidet og gjere arbeidet lettare ved overgang til nye medlemmer i styret. Det er og særs viktig at vi har PC til disposisjon ved foredrag der foredragshaldar ikkje har med eigen PC.
Organisasjonen Os Senioruniversitet
Os Senioruniversitet er registrert i Brønnøysundregisteret. Vi har både bankterminal og Vipps-konto for direkte innbetaling av billettar/semesterkort. Vi er også registrert som grasrotmottakar hos Norsk Tipping. Vi er medlem i Folkeakademiet i Bjørnafjorden. Blant anna av sikkerhetsmessige omsyn registrerer vi frammøte ved utdeling av lodd i døra.
Vi har i nokre år registrert e-postadresse for dei som har ønskja det. Erfaring syner at vi i mindre grad enn forventa når ut med informasjon til medlemmene via e-post. Med denne erfaringa som bakteppe, og at systemet med felles heimeside gjekk ned, vedtok styret å utarbeide ny heimeside for Os Senioruniversitet. Heimesida vert presentert så snart som mogeleg og vil gjere det enklare å finne - og å formidle informasjon. Vi har i år også oppretta ei gruppe på Facebook for å nå ut til fleire.
Framlegg til styret 21.01.25
Margrethe Håvarstein
Gjennomførte program 2024
Våren 2024
08.01. Øivin Christiansen: Barnevernet i søkelyset (65)
12.02. Tove Haugsbø: Kunsten og kunstnaren Nikolai Astrup (127)
11.03. Thomas Hylland Eriksen: Sju meiningar med livet (186)
08.04. Dagmar Fosså Bunæs: På tide å plassere munnen i kroppen (136)
06.05. Halvor Folgerø: Om livet på ville og farlege Vestlandsvegar. (163)
03.06. Sommartur til Telavåg/Glesvær (47)
Os Senioruniversitet
Hausten 2024
26.08. Bård Ose: Beatles, Stones og damene (415)
23.09. Sissel Rosland: England etter Brexit (131)
21.10. Hilmar Mjelde: Presidentvalet i USA. Comeback Trump? (170)
18.11. Ola Grytten: Hans Nielsen Hauge - religiøs opprørar og industrigrundar. (150)
09.12. Jørn Øyrehagen Sunde: Landslova av 1274 – Magnus Lagabøter og det Norge han skapte (167)
19.12. Julelunsj (32)
Sak 5. Fastsetje pris for billettar og semesterkort
Som kjent bad styret om tid for å finne ein balanse mellom inntekt og utgifter etter at vi fekk auke i leige frå hausten 2023 og måtte auka prisar for semesterkort og einskildbillettar. Gjennomgang av rekneskap/budsjett og at vi har eit gjennomsnittleg deltakartal ved møta våre, gjer at vi gjer framlegg om noverande satsar vert oppretthaldne.
Framlegg til vedtak: Billettprisane vert kr 150 for einskildbillettar og kr 450 for semesterkort som vedtatt i årsmøte 2024