top of page

Lars Kristian Strønen: Godt vaksne på interrail

  • kleppekarljohan
  • 22. jan.
  • 3 min lesing

Osingen Lars Kristian Strønen

tok forsamlinga med på Interrail reise som han og kona Inger hadde gjennom Europa i 2023. Sjølv hadde han i ungdomen vore på Interrail, den gongen tilbodet berre var for ungdom. No kan alle dra på Interrail, det er til og med rabatt for reisande over 60 år! Ein reise i løpet av 2 månader med 15 togstrekningar på 1.klasse, kosta i 2024 kr 7653 for seniorar. Berre 6 land i søraust Europa er ikkje med i Interrail ordninga.

Kvifor togreise? spurde Strønen. Og han svara sjølv: Tog gjev reiseopplevingar undervegs, det er behageleg, ein kan unna seg 1.klasse, ein kjem sentralt inn i byane ein kjem til, det er ingen venting i form av tidleg frammøte og innsjekkingskøar, og det gjev stor fleksibilitet - ein kan berre hoppa av der ein ønskjer seg ein stopp!

Jernbanenettet i sentral Europa er svært godt utbygd. Ekteparet Strønen hadde likevel lagt inn ein del bussturar for å koma direkte til stader dei ønskte å vitja. Og dei tok fly som ein snarveg til startplassen dei valde, Budapest. Her koste dei seg både i velkjend termalbad, vitja bygg med lange tradisjonar og naut herleg båttur på Donau.

Forsamlinga fekk og med seg litt historikk rundt det ein gong så store riket Austerrike – Ungarn som i 1967 – 1918 omfatta ikkje berre dei to landa, men og Tsjekkoslovakia, delar av Romania, Kroatia , andre delar av seinare Jugoslavia og Pulahalvøya.

Ferda vidare gjekk inn i sentrale Romania, til byen Brasov på storleik med Bergen, som dei fekk eit veldig godt inntrykk av. Her var reint, veldig billeg, fantastisk gamleby, vakker natur og den største stammen av brunbjørnar i Europa. Dei møtte ikkje på representantar av rasen, og var tilfreds med det! Via bussreise gjennom den vestlege delen av Romania, kunne dei sjå ein del fattigdom.

Dei vitja og Beograd – namnet tyder den kvite byen – hovudstaden i gamle Jugoslavia. Ein fin by, og ein svært gamal by i europeisk samanheng, 7000år lang historie, vart nemnd.

Turen gjekk vidare ned til Adriaterhavskysten via ein jernbane som Tito fekk bygd. Det gamle private toget hans står og ruster på eit sidespor! Det blei vekselvis buss og tog oppover langs kysten, gjennom Montenegro og inn i Kroatia. Mange flotte opplevingar vart nemnde, ikkje minst nasjonalparken Krka.

Men landet som ekteparet Strønen blei mest positivt overraska over på reisa, var Slovenia! Eit land med berre 2 millionar menneske, halvparten av desse i hovudstaden Ljubljana, der dei til og med opplevde at ordføraren kom ut og helste på turistane som var på omvising. Dei elska både dei venlege menneska, alpelandskapet og herlege matrettar!

Venezia, Milano, til St. Moritz og Zermatt i Sveits og attende til sørlege Italia der dei slo seg til ei tid for å ha staden som base for ulike utfluktar i området. Som geolog var Strønen ikkje minst interessert i tilhøva rundt vulkanen Vesuv og historia rundt utbrotet i 79 e. Kr. der 7000 menneske flykta, mens 2000 menneske i byen vart drepne – ikkje av lava, men av askeskya som kollapsa etter nokre dagar og la seg som eit 4-6 m tjukt teppe over byen! Dei vitja sjølve krateret på Vesuv som er 300 m djupt og har ein diameter på 450 m. Dei kunne merka svovelgass, og Strønen fortalde at det er rekna å gå med 1900 – 2000 år mellom

vulkanutbrota, så det kan henda at eit nytt utbrot kan koma om ikkje altfor mange år.

Resten av reisa opp gjennom Italia, Sveits, Tyskland og til fly heim frå København, baud på så vel kulturopplevingar som vakker natur; imponerande katedral og skeivt tårn i Pisa, fjellpass og dramatisk natur i Sveits, nazismen si historie i Nürnberg og vitjing i Dresden som på forunderleg vis klarte å reisa seg att etter at 90% av byen vart bomba i like før andre verdskrigen slutta. Ruinmassane vart nytta til å få bygga opp att!

Ingen kan vel vera i tvil om at ekteparet Strønen hadde ein storveges tur! På spørsmål etter kåseriet, vart det opplyst at planlegginga hadde tatt 1 1/2 år, dei hadde henta inn opplysningar m.a. frå Facebook, webside om Interrail Older Crowd og andre nettsider, og vore påpasselege med å vita mest mogeleg om områda dei skulle vitja. Overnatting vart berre tinga på førehand for første veka, for å ha god fleksibilitet, og ryggsekk var beste bagasjen å ha- 100 l sekkar var likevel i største laget, for når ein leiger Air BNB husvære, så kan ein greitt få vaska klede!

Ei inspirerande reiseskildring vart presentert denne dagen. Kan hende høyrer vi seinare at andre seniorar i Os har latt seg freista av kåseriet til å reisa land og strand rundt med Interrail!

 
 
bottom of page