top of page

Os Senioruniversitet 15 år

  • kleppekarljohan
  • 22. jan.
  • 2 min lesing

Det er i desse dagar 15 år sidan Senioruniversitetet i Os starta opp, og møtet 13.1. blei ei markering av dette jubileet. Dei frammøtte fekk eit lite oversyn både av oppstart av verksemda og av åra som følgde. Bodil Aam Petersen som var med i det første styret, kunne fortelja at tanken om eit Senioruniversitet i Os sprang ut av «kaffipraten» mellom ein del damer som i 2009 trimma saman på senteret Sprek og Blid i Os! Fleire var nyleg blitt pensjonistar, og dei sakna mellom anna høvet til å få nye impulsar. Dei hadde høyrd om

Senioruniversitet både i Bergen sentrum og på Nesttun, og då det ryktast at og Fusa hadde starta opp Senioruniversitet, var dei ikkje i tvil om at det måtte kunne gjerast i Os og!

Dei gjekk i gong, møttest på Biblioteket, fann reglar og statuttar på nettet, fekk med seg eit par menn i gruppa, hyrte Kløvertun som møtelokale og sette i gong verksemda. Logo for senioruniversitetet vart teikna av Harald Lyssand som og vart med i det første styret. Åse Rokne vart den første leiaren. Ho sto for leiinga i fire år. Styret sytte kvart møte for å laga kaffi og te og kutta opp frukt som deltakarane kunne eta i pausen. Og dei sytte for foredragshaldarar – ut frå lister dei fann på nettet. Dei måtte sikra at desse var frå nærområda. Berre ein kåsør kunne hentast inn langvegsfrå kvart semester, elles vart det for dyrt!

Senioruniversitetet vaks seg etter kvart ut frå Kløvertun, og Terje Sørensen som tok over som leiar etter Olav Søfteland og var leiar i 5 år, orienterte om verksemda vidare med mange deltakarar, møte i Oseana og årlege sommarturar. Han trekte og fram utfordringane gjennom åra med fleire nedstengingar og hindringar i coronatida, men synte korleis Senioruniversitetet og då hadde funne vegar å gå.

Terje viste og til variasjonen av tema som har vært presenterte på møta; det har vore kulturemne som spenner frå tema om Oselvaren til ulike forfattarar, emne om vitskap og helse frå orientering om demens til nanoteknologi, politiske tema rundt tilhøva i ulike land og foredrag om klima og miljø.

Denne variasjonen i tema var og noko som fleire deltakarar trekte fram då dei i økta med kaffi og marsipankake vart spurde om kvifor dei kjem på møta i Senioruniversitetet: Det er interessant, kjekt, det er veldig varierande tema, ofte overraskande i høve til det eg hadde venta, mange utroleg flinke foredragshaldarar, det er stimulerande, vi lærer stadig noko nytt! Og dei trekte og fram kor viktig det sosiale aspektet er: Vi treff folk , møter mange kjente, møter andre i same alder, kjekt å kunne pratast i pausane, godt med felles opplevingar!

 
 
bottom of page