Sjur Lothe: Helge Ingstad, Grønland og Vinland 10.02.2025
- kleppekarljohan
- 31. jan.
- 1 min lesing
Helge Ingstad er eit ruvande namn i norsk polarhistorie. Han er ein av fleire pionerar som var med i utforskinga av Arktis og han skreiv fleire populære bøker om sine ekspedisjonar i desse ugjestmilde områda. På komande måndag kan du få bli betre kjend med eventyraren Helge Ingstad og om polarområda han utforska. Han var verkeleg ein allsidig mann. Han var utdanna jurist, men er meir kjend for heilt andre ting enn det. Han levde i mange år som einsleg pelsjegar langt nord i Canada før han vart tilsett som sysselmann på den norskokkuperte delen av Grønland. Han hadde også lengre opphald i varmare strok der han m. a. studerte livet til indianarane i Mexico. Men det han kanskje er mest kjend for er dei arkeologiske utgravingane han gjorde saman med kona si på New Foundland, og bøkene han skreiv om det banebrytande arbeidet sitt der. Han følgde i spora til dei første europearane, vikingane, som slo seg ned i Nord Amerika. Utgravingane Ingstad og kona gjorde der var svært omstridde i byrjinga, men er i dag anerkjende som veldokumenterte fakta. Har du lyst til å høyre meir om eventyraren Helge Ingstad, om turane hans på Grønland og om dei norrøne busetjingane i Amerika så kan du ta turen til Oseana på føremiddagen på måndag. Då vil Sjur Lothe, pensjonert lektor, halde foredrag om dette. Han har sjølv vitja desse områda mange gonger.