
Os Senioruniversitet. haustprogram 2026:
Os Senioruniversitet arrangerer møte med foredrag som gir fordjuping i aktuelle, historiske og lokale emne. Det krevst ingen forkunnskapar for å ta del på møta. Alle – unge og eldre – er velkomne!
Møta blir haldne i Oseana, Oseanasalen, 10 måndagar i året,
kl. 11.00 – 13.00.
Hovudmodellen er foredrag med innlagd kaffipause, og med høve til spørsmål og diskusjon etterpå.
Styret er glade for å ta imot nye idear og forslag til program.
Semesterkort
Semesterkort for haustsemesteret 2026 kostar 450 kroner og kan kjøpast ved inngangen til møta eller ved innbetaling til bankkonto nr. 1503 61 84970 eller Vipps 93867. Hugs å skrive namn! Du får kortet når du kjem på møtet.
Enkeltbillettar
Ein billett kostar 150 kroner for dei som ikkje har semesterkort. Billettar kan kjøpast ved inngangen eller på Vipps 93867.
Til julelunsjen 7. desember er det påmelding seinare.
Finansieringa av Os Senioruniversitet baserer seg for det meste på sal av semesterkort og enkeltbillettar.Senioruniversitetet får praktisk hjelp frå Bjørnafjorden kommune.Vi samarbeider med Folkeakademiet i Bjørnafjorden og Oseana Kunst- og kultursenter.
Vi takkar sponsorane, og oppmodar alle om å støtta våre sponsorar!
Måndag 24. august kl. 11.00 – 13.00
Eivind Molde: Sørpolen, Polhavet og Grønland - ei polarreise i sør og nord.
Etter at president Donald Trump sa at han «vil ha Grønland», har interessa for Arktis gått i veret. I takt med at isen smeltar, har stormaktene verkeleg fått augo opp for nordområda. Og i sør, i Antarktis, trappar Noreg opp forskingsinnsatsen og planlegg ein ny forskingsstasjon.
Eivind Molde har vore fire gonger i Antarktis, 15 gonger på Svalbard, og han har følgd FNs generalsekretær i møte med forskarar på isen i Polhavet.
Når han no kjem til Os, er han på kjende trakter. Det var her han leverte dei første reportasjane til NRK. Han gjekk på Os gymnas, og han arbeidde eitt år som frilansar for NRK Hordaland, kombinert med arbeid som lærarvikar på Os skule og deltidsjobb i avisa Midhordland.
Molde har arbeidd 36 år i NRK. Han har hatt oppdrag i alle verdsdelar og intervjua ei rekkje internasjonale profilar, som erkebiskop Desmond Tutu og dei amerikanske toppolitikarane Al Gore og John Kerry.
Måndag 21. september kl. 11.00 – 13.00
Trond Døskeland: Korleis
skal Noreg forvalte ei av verdas største sparebøsser, oljefondet?
Oljefondet er blitt ei av verdas største finansielle formuar. Foredraget tar opp korleis fondet blei så stort, kva for val som må takast i forvaltinga, og kva for utfordringar fondet står overfor framover med tema som investeringsstrategi, avkastning og risiko, samt langsiktig og ansvarleg forvaltning av ei stor nasjonal formue.
Trond M. Døskeland er professor ved NHH. Døskeland har ein mastergrad frå NHH og fekk sin Dr. Oecon. (Ph.d.) ved NHH i 2007. Hans forskingsinteresser inkluderer kapitalforvaltning, hushaldningsfinansiering, åtferdsøkonomi, ansvarlege investeringar og risikostyring.
Måndag 19. oktober kl. 11.00 – 13.00
Kari Lossius: Eldre og rus.
Kari Lossius er spesialist i klinisk psykologi. Ho har arbeidd som terapeut og forskar i 30 år, og ho var fagleg leiar ved Bergensklinikkene i mange år.
Lossius har vore rettleiar ved helsetenesta UIB og er medforfattar av fleire bøker innan emneområda psykologi, rusbehandling, og ho har skrive fleire fagartiklar og kronikkar.
Ho er ein flittig brukt foredragshaldar både nasjonalt og internasjonalt.
Ungdom drikk mindre og mindre, men alkoholinntaket hos eldre aukar, særleg blant kvinner over 60 år. Kvifor er det så viktig at det forebyggande arbeidet no vert retta mot eldre?
Måndag 9. november kl. 11.00 – 13.00
Randi Rosenquist: Fra grøft til grøft i norsk psykiatri.
Randi Rosenqvist er ein kjent norsk rettspsykiater og spesialist i psykiatri. Ho har jobba i mange år med vurdering av tilgjengelegheit og psykisk helse hos personar involvert i alvorlege straffesaker.
Ho er særleg kjent for arbeidet med rettspsykiatri og ho har vore sakkyndig i fleire profilerte rettssaker i Norge. Ho er også tilknytta Oslo Universitetssykehus.
Rosenqvist er ein flittig formidlar i media om tema som psykisk sjukdom, farar og strafferett.
Ho har også vore ei tydeleg stemme i offentleg debatt, spesielt om korleis samfunnet handterer alvorleg psykisk sjuke lovbrytarar og spørsmål rundt tvungent psykisk helsevern.
Ho er ein fagperson som tydeleg bryr seg om dei psykisk sjuke, og ho gir dei si stemme i det offentlege rommet.
Måndag 7. desember kl. 11.00 – 13.00
Øyvind Tøsdal: Margit Tøsdal, mor, lærar og politikar.
Øyvind Tøsdal er tidlegare kommunaldirektør i Os kommune og har vore dagleg leiar i Odd Tøsdal AS sidan 1974. Han vil fortelja om mora, læraren og politikaren Margit Tøsdal.
Margit Tøsdal (1918-1993) var utdanna lærar ved Kristiansand lærarskule. Ho var den første kvinna i Os kommunestyre saman med kusina si, Maria Tveit. I 1958 kom Margit Tøsdal på Stortinget for Arbeidarpartiet som første kvinne frå Hordaland. Ho vart seinare lagtingspresident.
Måndag 7. desember: Julelunsj etter foredraget.
Informasjon om julelunsjen kjem i god tid på førehand. Os Senioruniversitet sponsar dei som har semesterkort ved denne aktiviteten.
Vi er glade for bidrag frå grasrotandelen i Norsk Tipping.
