Professor emeritus Per Brodal. Den aldrande hjernen og læring
- kleppekarljohan
- 2. apr.
- 1 min lesing
Professor emeritus Brodal kjem til Os Senioruniversitet på måndag. Han vil fortelje om kva for endringar som skjer i hjernen når vi blir eldre, kva konsekvensar endringane får mentalt og kroppsleg, og han vil dele nokre tankar om korleis vi best kan forsinke tap av hjernefunksjon etter kvart som vi blir eldre. I foredraget får vi høyre om korleis milliardar av hjerneceller kommuniserer med kvarandre. Ved aldring vert hastigheita i denne kommunikasjonen i hjernen redusert. Det fører til at alt vi gjer går litt tregare. Denne utviklinga er ein del av livet, og på måndag kan du få lære litt om kva du sjølv kan gjere for å bremse denne utviklinga.
I dei seinare åra har Brodal også engasjert seg sterkt i barns oppvekstvilkår og spesielt i betydninga leiken har for barn si utvikling.
Per Brodal er lege og professor emeritus og har arbeidd med hjerneforsking og undervisning heile yrkeslivet. Han er ein mykje nytta ekspert, m.a. i programmet «Abels tårn» på NRK.
Har du lyst til å lære litt om hjernen, aldring og læring, er du velkomen til Oseana på komande måndag.