
Vedtekter
Introduksjon til vedtektene for Os Senioruniversitetet
Vedtektene for Os Senioruniversitet dannar grunnlaget for vår virksomheit og gjer greie for korleis organisasjonen er strukturert og styrt. Dei definerer våre mål, medlemsvilkår, styret sine oppgåver og ansvar, samt retningslinjer for gjennomføring av årsmøtet. Vedtektene sikrar at vi kan tilby eit inkluderande og profesjonelt tilbod for våre medlemmer, med fokus på læring, engasjement og fellesskap. Vi oppfordrar alle våre medlemmer til å sette seg inn i vedtektene for ei betre forståing av korleis Os Senioruniversitet fungerer.
§ 1 Formål
Os Senioruniversitet skal arbeida for å formidla kunnskap om emne som medlemmene ønskjer å læra meir om i eit sosialt og utviklandefellesskap
§ 2 Organisering og medlemskap
Os Senioruniversitet er ei sjølvstendig, ideell samanslutning basert på individuelt medlemskap. Medlemskap er ope for alle som betaler semesteravgift.
§ 3 Styret
Styret er samansett av leiar og seks styremedlemmer valde av årsmøtet. Det er ønskjeleg at begge kjønn er representerte i styret. Leiar vert vald ved særskild val for eit år av gangen. Styremedlemmene vert valde for to år av gangen. Ved attval kan ein veljast for eitt år om gangen*. Det bør verakontinuitet i styret.
Det skal førast styreprotokoll. Styret er vedtaksført når minst tre styremedlemmer er til stades. Os Senioruniversitet vert forplikta ved underskrift av styreleiar og ein av styret, eller to medlemmer frå styret dersom leiar er forhindra. Leiar og styremedlemmer har alle enkeltstemmer.
§ 4 Årsmøte
Årsmøtet er øvste organ i Os Senioruniversitet. Det skal haldastårsmøte kvart år innan utgangen av februar. Innkalling til årsmøtet skal gjerastkjent minst to veker før årsmøtet. Årsmøtet skal handsama årsmelding og revidert rekneskap frå førre år, vedta semesteravgift, velja styre, revisor og valkomite’ på tre medlemmer, og handsama andre saker lagt fram av styret. Valkomiteen vert vald for eitt år og revisor for to år. Årsmøtet er vedtaksført når minst 25 prosent av medlemmene er til stades.
§ 5 Vedtekstendringar
Vedtektsendringar krev to tredjedels fleirtal av deiframmøtte medlemmene.
§ 6 Oppløysing
På ordinært eller ekstraordinært årsmøte kan det med to tredjedels fleirtal gjerast vedtak om at Os Senioruniversitet skal løysast opp. Samtidig skal det avgjerast korleis eventuelle midlar skal disponerast.
*endra i årsmøte 12.02.23